Tom Roger Aadland - Songen av jorda lyrics

Published

0 88 0

Tom Roger Aadland - Songen av jorda lyrics

Det er songen av jorda du høyrer Eit ufullenda meisterverk, for visst Stundom blir han spelt for døve øyrer Stundom gjer han den som lyttar trist Eg skulle ha sagt då eg såg deg Du var så vakker at det gjorde vondt Og vondt blei verre då eg gjekk ifrå deg Djupt inni meg ein stad gjekk noko sundt Det er songen av jorda du høyrer Eg tråva gate opp og gate ned Stundom blir han spelt for døve øyrer Stundom gjev han den som lyttar fred Du var som ei rose utsprungen Du blømde frå ei frosen jord så skrinn Eg strekte handa ut, som var eg tvungen Og strauk bort kvar ei tåre frå dine kinn Det er songen av jorda du høyrer Eg skulle gjerne sett deg ein gong til Stundom blir han spelt for døve øyrer Men han leier aldri den som lyttar vill Det hender eg snur meg i svevne Det hender at eg vaknar av at eg græt Eg tek dagane som dei kjem, etter beste evne Du var det beste som eg nokon gong forlét Det er songen av jorda du høyrer Eg veit det no, at du blir aldri mi Stundom blir han spelt for døve øyrer Stundom set han den som lyttar fri Han kling for dei svakaste svake For alle dei som langsamt stig i rang For alt som låg der forsvarslaust og nake Kvar veg du begynte på, som blei for lang Det er songen av jorda du høyrer Eit ufullenda meisterverk, for visst Stundom blir han spelt for døve øyrer Stundom gjer han den som lyttar trist