Tom Roger Aadland - Oppløyst og medtatt lyrics

Published

0 92 0

Tom Roger Aadland - Oppløyst og medtatt lyrics

Eg er oppløyst og medtatt Eg har høyrt det er vedtatt At du skal dra bort Ein heilt annan stad Kanskje er du forfremma Kanskje vil einkvan hemna seg På meg, eg veit kje Og eg er likeglad Når flyet ditt lettar Og skylaget slettar Kvart spor etter alt som Me hadde i lag Skal eg hugse å tenkje På kvar stein eg såg blenkje Medan sola stod høgt Medan det enno var dag Mor di har synt meg Og bror din har tynt meg Eg har fått full behandling Det har me slått fast Eg er takksam og bitter Eg er fri og bak gitter Eg er eit skip som ligg djupt Og tar inn meir last Eg er påkledd og naken Eg søv og er vaken Eg er søkkrik og tiggar Eg veit ikkje kva Eg er fri for klisjear Og tom for idear Eg lengtar allereie Ein heilt annan stad Medan himmelen mørknar Og alt rundt meg størknar Går tankane mine Dit du er på veg Kanskje går du i land no På ei endelaus strand no Kanskje snur du deg hastig Og tenkjer på meg Eg er oppløyst og medtatt Eg har høyrt det er vedtatt At du skal dra bort Ein heilt annan stad Kanskje er du forfremma Kanskje vil einkvan hemna seg På meg, eg veit kje Og eg er likeglad