Tom Roger Aadland - Like til mi dør lyrics

Published

0 99 0

Tom Roger Aadland - Like til mi dør lyrics

Du sa det var ingenting som måtte sikrast Du sa det var ingenting som sprang vekk Du sa det var ingenting som trong spikrast Viser berre kor stutt synet stundom rekk Eg har grunna lenge på det, korfor allting er så sårt Om eg blundar, kan eg sjå det, kan eg sjå det ganske klårt Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå Du sa det var ingenting som måtte slettast Du sa det var ingenting som ikkje kunne stå Du sa det var ingenting som trong rettast Men då eg kom innom, kva var det du gjorde på? Eg var der i Åna-Sira, eg var der i Hommersåk Eg var der då du var gira, eg var der då du var fjåk Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå Gjev det fanst ein veg tilbake Ein veg i rom, ein veg i tid Du sa du kjende jorda skake Som om noko fór forbi Dei sa det var ingenting å ta på veg for Dei sa me alltid var eit umake par Dei spurde meg kva eg enno såg på deg for Eg såg ikkje på deg, eg såg på den du var Me var saman på Roskilde, me var saman i Berlin Om eg hadde fått meg til det, skulle eg sagt deg du var fin Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå Like til mi dør, slik du gjorde før Då himmelen var blå