Tom Roger Aadland - Hud mot hud lyrics

Published

0 117 0

Tom Roger Aadland - Hud mot hud lyrics

Alt er i endring Lekam og sjel Det gjev inga lindring Men det forklarar ein del Sist eg var hjå deg Var det så klart At du sa ifrå deg Rolla di snart Men ein gong såg du støtt min veg Og ein gong drøymde eg om deg Og ein gong låg me hud mot hud Eg med ein stabel med bøker Og du utkledd som brud Det sprakar og gnissar Eg kjem ikkje fram Eg står her og gissar Vilt på ditt namn Eg trur kje du sa det Før du gjekk bort Du berre sa «Ha det» Og forsvann inn ein port Men ein gong såg du støtt min veg Og ein gong drøymde eg om deg Og ein gong låg me hud mot hud Eg med mine djevlar Og du med din bortkomne gud Alt har ein ende Somme ting to Svaret du sende Studerer eg no Du skriv at du har det Storveges i alt Eg trur at eg tar det Med ei klype salt For ein gong såg du støtt min veg Og ein gong drøymde eg om deg Og ein gong låg me hud mot hud Eg fri i mi armod Og du tyngd av ditt skrud