Tom Roger Aadland - Haust lyrics

Published

0 93 0

Tom Roger Aadland - Haust lyrics

"Fatt deg kort no", sa dei til meg "Og prøv å vere relevant" Eg sa, "Eg kan kje garantere det Men eg lovar å snakke sant Av og til så kjennest som om det blæs Og allting sit litt laust" Det går mot haust Ganske snart så samla det seg Ei folkemengde stor Alle undrast kva det var Men ingen sa eitt ord Eg såg spørjande på sidemannen Men han berre såg tilbake, taust Det går mot haust Det hender at eg ønskjer At eg kunne dra herfrå Men eg lar deg ikkje vere att her Det kan du stole på Om dei spør koss eg handsama deg Så håpar eg at du kan svare raust Det går mot haust Somme har eit embete Somme har ei gate eller ei bod Somme, dei har songane Som dei skreiv med sitt eige blod Eg vakna i dag tidleg Og eg kjende at eg fraus Det går mot haust