Tom Roger Aadland - Farsfolket lyrics

Published

0 72 0

Tom Roger Aadland - Farsfolket lyrics

Eg har gått omkring åleine I kjærleiksskuggens dal På leit etter den eine På ein sti så altfor smal Eg vil reise heim til farsfolket Sjå kva stoff eg er gjort av Reise heim til farsfolket Sjå kvar vogge, sjå kvar grav Eg har teke mine sjansar Eg har gripe det eg såg Eg har knytt skjøre alliansar Eg har hoppa mellom tog Eg vil reise heim til farsfolket Finne ut kor eg kjem frå Treng kje gruble, treng kje tolke Treng berre høyre og å sjå Dei sa me utfylte kvarandre Dei som såg oss to i lag Tung er vegen eg må vandre Det er ei lang natts ferd mot dag Eg vil reise heim til farsfolket Som eg skulle ha gjort før Reise heim til farsfolket Der ikkje tak og vegger blør Det er rart koss ting kan snu seg Du sa du hadde meg så kjær I denne verda må ein bu seg På avskil, det er slik det er Eg vil reise heim til farsfolket Denne byen er så kald Alle her ser etter ein rygg å dolke Eg vil reise heim, det er det eg skal Eg vil reise heim til farsfolket Forbi svingen og litt til Kome heim til farsfolket Der elva renn så still