Tom Roger Aadland - Einsam utan deg lyrics

Published

0 68 0

Tom Roger Aadland - Einsam utan deg lyrics

Eg har ein tung veg å gå Eit langt lerret å bleike Eg har ei mengd å endre på Eg har kje tid til å leike Eg har ei sak som ligg og gneg Som eg ikkje får fred for Du sa ditt svar var endeleg Er det rart eg er nedfor? Eg er einsam, einsam utan deg Det står beint fram, beint fram Dårleg til med meg Eg har eit sår som ikkje gror Ein ting som støtt ligg på meg Eg har ei rose på mitt bord Eg har slik hug til å sjå deg Eg har ein draum der eg går Gjennom eit brennande landskap Eg har ein annan der eg står Og mønstrar mitt mannskap Eg er einsam, einsam utan deg Det står beint fram, beint fram Dårleg til med meg Eg har ein lovnad fram i tid Om at alt skal bli annleis Du sa ein gong at du var mi Det har eg tru på framleis Eg er einsam, einsam utan deg Det står beint fram, beint fram Dårleg til med meg