Tom Roger Aadland - Song gjennom natta lyrics

Published

0 89 0

Tom Roger Aadland - Song gjennom natta lyrics

Eg trur eg er vorten Døv, stum og blind Du kjem beint imot meg Men det er som du svinn Du rører på munnen Men allting er stilt Eg er viss på, i grunnen At du ønskjer meg ilt Eg tenkjer på trea Som regnet og vinden bryt ned Du må gjerne få syngje Om du kan ein song om det Eg stirar omkring meg På skuggar og skrømt Kvart prov eg har planta Kvar mann eg har dømt Kvart val eg har rigga Kvar plan eg har smidd Kvar mynt eg har tigga Kvart beist eg har ridd Eg prøver å sove Men nettene gjev meg kje fred Du må gjerne få syngje Om du kan ein song om det Ein gong var eg uredd Ein gong var eg djerv Eg stod fremst i rekka Og ytte min skjerv Eg hadde ei samling Av møblar og nips Ein djevel i marmor Ein engel i gips Eg gav bort dei fleste Beheldt berre to eller tre Du må gjerne få syngje Om du kan ein song om det Eg står midt i livet Og ser meg omkring Eg kom gjennom sivet Men eg gjekk visst i ring Eg snur meg tilbake Men alt eg kan sjå Er rimfrost og klake Der me brukte å gå Eg gjekk inn i ei kyrkje Men eg var ikkje kar om å be Du må gjerne få syngje Om du kan ein song om det I går var du hjå meg I dag er du dratt Eg tenkjer på tida Som aldri kjem att Eg tenkjer på frukta Som fell frå eit tre Eg tenkjer på undera Som aldri skal skje Eg tenkjer på tinga Me aldri får gjort noko med Du må gjerne få syngje Om du kan ein song om det