Tom Roger Aadland - Skulle kledd deg i silke lyrics

Published

0 76 0

Tom Roger Aadland - Skulle kledd deg i silke lyrics

Skulle kledd deg i silke som kom frå Rangoon Skulle planta eit mandeltre midt på ditt tun Skulle kyst bort kvar tåre frå dine flammande kinn Skulle gått bort til døra og late deg inn Skulle heidra den staden der eg såg deg fysst Skulle lytta til røysta djupt i mitt bryst Skulle bore deg over kvar elv og kvar bekk Skulle laga ei skisse som fanga inn dine trekk Du kjem meg i møte med ryggen så rak Som ein fjellblom brakt til meg frå verda sitt tak Som jade frå Kina, som rav ifrå Fyn Som rullande tore, som flerrande lyn Du er boka eg blar i, du er vegen eg går Du er lina eg kastar, du er kornet eg sår Du er stråla som treff meg, du er flamma som brenn Du er skrifta som slyngjer seg mjukt frå min penn Far min blei teken av ei bølgje ein gong Han vakna til lyden av ei kvinne som song Det er ei underleg verd her, for folk og for dyr Med hardbarka tjuvar og heilage kyr Skulle kledd deg i silke som kom frå Rangoon Skulle planta eit mandeltre midt på ditt tun Skulle kyst bort kvar tåre frå dine flammande kinn Skulle gått bort til døra og late deg inn