Tom Roger Aadland - Skuggane lyrics

Published

0 57 0

Tom Roger Aadland - Skuggane lyrics

Ein gong var det ingen tvil Eg gjekk glatt ei ekstra mil Ein gong var du alt eg såg Kor eg vakna, kor eg låg Eg ser skuggane rundt bordet Eg ser skrømt på høglys dag Eg ser alt me ikkje gjorde Eg ser deg og meg i lag Ein gong var eg ganske viss Ein gong tok eg djupt i miss Ein gong sov eg ved di dør Skulle ha fortalt deg før Eg ser skuggane rundt bordet Eg ser skrømt på høglys dag Eg ser alt me ikkje gjorde Eg ser deg og meg i lag Eg ser alt eg ikkje sansa Eg ser kvart eit håp som svann Eg ser flammene som dansa Eg ser bruene som brann Ein gong var eg djupt i naud Ein gong var eg mest som daud Ein gong sokk eg som ein stein Ein gong steig eg fri og rein Stundom kan eg sjå deg stå Med ein djupraud kjole på Ein gong i ei anna tid Var du gjennom, var du mi Eg ser skuggane rundt bordet Eg ser skrømt på høglys dag Eg ser alt me ikkje gjorde Eg ser deg og meg i lag Eg ser fuglane som letta Eg ser vengjene som slo Eg ser mistak som vart retta Eg ser staden der me stod Eg ser løgnene og triksa Eg ser alt me skulle gjort Eg ser alt du ikkje fiksa Eg ser allting som kom bort Eg ser skuggane rundt bordet Eg ser skrømt på høglys dag Eg ser alt me ikkje gjorde Eg ser deg og meg i lag