Tom Roger Aadland - Min beste ven på ein dårleg dag lyrics

Published

0 79 0

Tom Roger Aadland - Min beste ven på ein dårleg dag lyrics

"Ta du vegen over fjellet" Det var det dei sa til meg Dei låg som hoggorm på ei helle Og sa dei berre vermde seg No er det som om noko vantar Eg har ingen stad å gå Eg skubbar meg på skarpe kantar Einkvan må eg stole på Eg sig, eg sig, eg sig i kne Denne verda gjev deg aldri fred Du må kjempe for kvart andedrag Men det letnar litt når me er i lag Mange vener kan fortelje Om ein stad som dei veit om Alle har eitkvart å selje Eg er utmagra og tom Eg sig, eg sig, eg sig i kne Denne verda gjev deg aldri fred Du må tåle spark, du må døyve slag Men det lindrar litt når me er i lag Alle seier dei er budde Men eg veit kje om dei er Det blir aldri som du trudde Det ligg alltid noko der Eg ser på båtane på elva Der dei flyt så fint av stad Eg tenkjer, «Om ein skulle kvelva Vil det helst gå bra» Eg sig, eg sig, eg sig i kne Denne verda gjev deg aldri fred Men ein engel kom meg til behag Du er min beste ven på ein dårleg dag Eg sig, eg sig, eg sig i kne Denne verda gjev deg aldri fred Men eg skimtar òg eit høgdedrag For det kjem seg når me er i lag