Tom Roger Aadland - Lengta og drøymt lyrics

Published

0 104 0

Tom Roger Aadland - Lengta og drøymt lyrics

Me kan snakke om fartøy som kantra Me kan snakke om dyrebar last Me kan snakke om dårlege mantra Snakk heller om det som står fast For eg har aldri gløymt kor eg høyrde til Eg har aldri gløymt det eg skimta før me gjekk oss vill Eg har aldri gløymt kor me skulle hen Eg har lengta og drøymt, eg er klar for å prøve igjen Eg såg Ingmar Bergman på TV Han sa anger vart litt for kokett Skal kje seie deg koss du burde leve Men det kan synast som han hadde rett For eg har aldri gløymt det eg kom til å sjå Eg har aldri gløymt som det gneistra av gull mot det blå Eg har aldri gløymt kor me skilde lag Eg har lengta og drøymt, eg skal finne att staden ein dag Me kan snakke om åra i tåka Men kan snakke om gulnande bein Me kan snakke om dei som vart råka Me kan snakke om dei som tok mein Men eg har aldri gløymt kor eg høyrde til Eg har aldri gløymt det eg skimta før me gjekk oss vill Eg har aldri gløymt den eiden me svor Eg har lengta og drøymt, eg er klar for å stå ved mitt ord Eg har aldri gløymt kor me skulle hen Eg har lengta og drøymt og sett etter eit høve Lengta og drøymt, eg lét meg kje sløve Lengta og drøymt, sjå, eg ristar av støvet Lengta og drøymt, eg står opp frå dei døve Lengta og drøymt, eg er klar for å prøve igjen