Tom Roger Aadland - Kva bryr det meg? lyrics

Published

0 58 0

Tom Roger Aadland - Kva bryr det meg? lyrics

Kva bryr det meg om snøen forsvinn Om småfuglar kvitrar om kvart gra**trå dei finn Om unge og gamle får lettare steg Sidan du drog, kva bryr det meg? Kva bryr det meg om vårregnet fell Om dagslyset varer litt lengre kvar kveld Om mildvêret kjem, medan vinteren dreg Utan deg her, kva bryr det meg? Kva bryr det meg om alt som eg ser Og alt som eg høyrer og alt som eg gjer På mystisk sett får meg til å tenkje på deg Sidan du reiste, kva bryr det meg? Kva bryr det meg om fjorden ligg blank Om skogbotnen duftar og bjørka står rank Om kvitveisen kronar kvar sving av min veg Utan deg her, kva bryr det meg? Kva bryr det meg at sidan du drog Har eg ikkje sett skilnad på våpen og plog Har eg ikkje hatt styring på dei enklaste ting Har eg gått omkring i ein ring Kva bryr det meg om sola står opp Om blodet blir drive omkring i min kropp Om kvar celle i meg er eit under for seg Utan deg her, kva bryr det meg? Kva bryr det meg om eit andlet blir mjukt Om nokon legg penn og papir på ein duk For å skrive ein song som kan tale for seg Sidan du reiste, kva bryr det meg? Kva bryr det meg om alt som er skapt Er vakkert og godt? Å, eg vørder det knapt! Om nåden er tilmålt uendeleg Utan deg her, kva bryr det meg?