Tom Roger Aadland - Einsam vandrar lyrics

Published

0 142 0

Tom Roger Aadland - Einsam vandrar lyrics

Eg er ein vandrar forutan sko Har inga heimlengt, har inga ro Eg ser på lauvet som fell frå tre Det som går til her har eg ingenting med Har du sett far min? Har du sett mor? Har du sett søster? Har du høyrt frå min bror? Skulle gjerne vite om alt er vel Her eg går oppslukt i fargespel Det er ei lise, di vakre røyst Ho gjev slik lindring, ho gjev slik trøyst Det er ei lette å sjå deg slik Eg lukkar auga, du er far din lik Eg er ein vandrar forutan stav Eg spelar korta som livet gav Kva enn du gjev meg, tek eg imot Men det eg ønskjer, ligg alt for min fot Eg er ein vandrar med blikket vendt Mot fjerne kystar der lys er tent Eg er ein framand der du er kjent Eg går ei line einkvan har spent Alt det eg drog frå, det ligg så dimt Kan berre sjå det i korte glimt Kan berre gripe eit liten del Eg er ein vandrar med kropp og sjel