Tom Roger Aadland - Då eg såg deg sist lyrics

Published

0 102 0

Tom Roger Aadland - Då eg såg deg sist lyrics

Var ikkje klemmen du gav meg litt hardare Då eg såg deg sist? Var ikkje lufta imellom oss klarare Då eg såg deg sist? Var ikkje alt meir komplett Kvar einaste tone heilt rett? Fall ikkje alt meir på pla** Då du gav meg eit blikk så fast? Var ikkje smilet du sende meg varmare Då eg såg deg sist? Stod me ikkje kvarandre litt nærmare Då eg såg deg sist? Var det ikkje som skuggane svann Då du la di hand i mi hand? Var det ikkje som noko slapp tak Då du stod der med ryggen rak? Skår i gleda Slik har eg det no Skår i gleda Men me har allverdas tid, me to Skår i gleda Det er slik det er Skår i gleda Men du veit eg har deg kjær Var ikkje rørslene dine litt friare Då eg såg deg sist? Var ikkje porten du stod i litt vidare Då eg såg deg sist? Var ikkje kvart ord som blei sagt Som ein kode for ei hemmeleg pakt? Fekk kje allting eit lettare preg Som om landskapet opna seg? Var ikkje elva som rann liksom reinare Då eg såg deg sist? Var ikkje vegen me fann liksom beinare Då eg såg deg sist? Eg veit om alt som gjekk tapt Men nett no ser eg det knapt Eg ser berre den du kan bli Mjuk og seig og sterk og fri Skår i gleda Slik har eg det no Skår i gleda Men me har allverdas tid, me to Skår i gleda Ein vakker kveld Skår i gleda Eg ser kje lyset, men eg ser kor skuggen fell