Tom Roger Aadland - Tyngde og lette lyrics

Published

0 95 0

Tom Roger Aadland - Tyngde og lette lyrics

"Eg treng noko tungt", sa han, "Til å halde meg fast Eg er lett som ei fjør no, eg treng til ballast Sei meg nokre ord, du, dei tyngste du kan" Ho tenkte seg om litt, og sa, "Du er min mann" "Eg treng noko lett", sa ho, "Til å løfte meg opp Det kan vere av sjel og det kan vere av kropp Nemn meg ein grunn, du, som kan setje meg fri" Han tenkte seg om litt, og sa, "At du er mi" Stjernene blenkjer, månen heng bleik Eg går og tenkjer på under og teikn Eg ser på ei stjerne, eg høyrer ein bil Ein dur i det fjerne, som min svinnande tvil "Eg treng noko lett", sa ho, "I denne verda av bly Som kan halde meg oppe til min morgon gryr" "Eg treng noko tungt", sa han, "Eg treng det så sårt La oss gå ned i dalen og sjå alt som er vårt"