Tom Roger Aadland - Støyande hjarte lyrics

Published

0 96 0

Tom Roger Aadland - Støyande hjarte lyrics

Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls Eg veit at du ikkje tenkte Å vere så kort og kontant Og eg hadde ikkje trengt å Ta det fullt så galant Men no er terningen kasta No er stormen på veg Eg har surra meg fast til masta Eg blundar og ser for meg deg Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls Då eg såg deg først, gjekk eg i dørken Det var eitt eller anna ved deg Som sa meg at førti års ørkenvandring Var over for meg Du førte deg nett som ei dronning Som om du var skjult bak eit slør Du smakte som mjølk og som honning Ingenting kunne bli slik som før Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls Då du sa du kom att ifrå rehab Skal eg innrømme eg stod litt fast Du hadde laga deg hijab Av ein berepose i plast Eg leita etter noko å sei deg Nøytralt og politisk korrekt Eg spurde deg om du var lei deg Og baud deg libanesisk konfekt Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls Då du sa at min kjærleik var nedsnødd Var det noko du ville ha fram Då du spurde meg om det var medfødd Og avslo mitt tilbod om kam Visste eg ei rose var sprungen Og visna bort medan eg såg Visste eg at songen var sungen Eg visste alt det der eg låg Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls No har eg dratt for å gløyme Og skipet har lagt ifrå land Men av og til, oftast i drøyme Kjem du mot meg på ei strand Og du kviskrar, "My love" og "Mein Lieber" "Mi amore" og "Min hjartans kjær" Og eg vaknar og veit med kvar fiber Eg må anløpe der som du er Her er mitt støyande hjarte Her er min døyande puls Eg kan trenge litt hjelp med å starte Klarar du det, er me skuls