Tom Roger Aadland - Som det var i går lyrics

Published

0 72 0

Tom Roger Aadland - Som det var i går lyrics

Det er som det var i går Eg kjenner enno angen av ditt hår Det er som det nett har hendt Du stod framføre meg, som var du himmelsendt Ei røyst sa meg, "Ta av dine skor Veit du ikkje du trør på heilag jord?" Eg løyste lissene og i meg var det stilt Du tok meg inn, så enkelt og så mildt Steg for steg, dag for dag Blir me langsamt tryggare i lag Dag for dag, steg for steg Kjem eg sakte nærare deg Eg veit alt som natta såg Eg kjenner varmen frå senga der me låg Som om det var i går Den gong vår kjærleik hadde semre kår No er allting i eit anna spor Eg vil kje lenger nagle deg med ord Eg vil kje lenger syne eller spå Det er berre ein ting som eg er sikker på Steg for steg, dag for dag Blir me langsamt tryggare i lag Dag for dag, steg for steg Kjem eg sakte nærare deg