Tom Roger Aadland - Postkort i oktober lyrics

Published

0 80 0

Tom Roger Aadland - Postkort i oktober lyrics

Dei sa at sjansane var skrale For at du kunne vere i ro Dei sa det var for gale Dei som pratar om deg no Dei sa du flaug rundt som ei svale Som om du ikkje eigde skam Dei sa det var for gale Då han fall for deg som eit lam For det var vinden kringom nova Som sette blikket ditt i brann Og det var helgekos i stova Som låg nærast hjartet hans Rekk ut handa når du vaknar Sjå ut glaset før du dreg Nemn eit ord for det du saknar Og kom gjerne innom meg Dei sa det låg til slekta Dei sa det var i ditt blod Kvar mann bar stein til vekta Alle kunne sjå kor pila stod Du hadde alltid denne trongen Til å sjå rundt neste sving Du høyrde denne svake songen Der andre ikkje høyrde nokon ting Du fekk eit jentebarn den våren Men lydde òg ei anna lov Og natta etter ho var boren Tok du bussen mens dei sov Rekk ut handa når du vaknar Sjå ut glaset før du dreg Nemn eit ord for det du saknar Og kom gjerne innom meg Det kom eit postkort i oktober Du skreiv med stempel Göteborg "Eg vonar smerta kan gå over Eg meinte aldri valde sorg" Stikk i strid med kva dei venta Tok han børa di på seg Han tok seg så godt av den jenta Sa aldri eitt skeivt ord om deg Då synte han at han var deg verdig Når domarane hadde gått Song han heile songen ferdig Meir enn det fragmentet du hadde fått Rekk ut handa når du vaknar Sjå ut glaset før du dreg Nemn eit ord for det du saknar Og kom gjerne innom meg Me bur i landsbyar av glashus Eg sopar skåra opp kvar kveld Me lærer alt om verb og kasus Og sårar kvarandre likevel No har dotter di blitt vakker Til våren står ho konfirmant Ho minner om deg når ho snakkar Om eit svalereir ho fann Eg ser på dotter di og tenkjer Må ho få vakse sterk og fri Må ho få bryte sine lenkjer Helst utan at nokon må li' Rekk ut handa når du vaknar Sjå ut glaset før du dreg Nemn eit ord for det du saknar Og kom gjerne innom meg