Tom Roger Aadland - Om du kjem over lyrics

Published

0 82 0

Tom Roger Aadland - Om du kjem over lyrics

Om du kjem over, kan me bli betre kjent Om du kjem over, kan me bli betre kjent Eg er ei kraftlinje i fjellet, eg er ein boge som er spent Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal Og om du er Himalaya, er eg ein sherpa frå Nepal Eg kan høyre deg i porten, du har så lette steg Støvlettar av den sorten som eg ville kjøpt til deg Om du kjem over, skal du få sjå at eg kan vere ram Eg kan ta på mange skapnadar, eg kan gå inn i mang ein ham Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram Vel, eg er ikkje rask i takten, men eg er ganske stø og jamn Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to Du skal få sove som ei dronning når me omsider går til ro Eg kan sjå deg stå i døra med høge, heite kinn Du seier, "Legg ifrå deg børa, i kveld så er du min" Om du kjem over, kan me finne prov for at kjærleik finst Du veit, av og til tenkjer ein klårare når ein er lettare til sinns Om du kjem over, får eg tidsnok sjå Om du kjem over, får eg tidsnok sjå Det er klokkaren som ringjer, men ingen veit heilt kven som rår