Tom Roger Aadland - Fiskarmanns Blues lyrics

Published

0 107 0

Tom Roger Aadland - Fiskarmanns Blues lyrics

Eg ønskjer eg var fiskar Mellom bølgjer på ein båt For alt som jorda gav meg Var skuffelsar og gråt Eg sette ut mi line Med kjærleik, fri og rein Og ingenting låg over meg Berre stjernene som skein Med ljos i mitt sinn Med deg i min famn Eg ønskjer eg var mannskap På eit tog i veldig fart Som skar igjennom landskapet Medan regnet piska hardt Og gynginga frå svillene Var alt eg kjende att Og namn på byar fôr forbi Ei sjelfull vinternatt Med ljos i mitt sinn Med deg i min famn Og eg veit eg skal bli frigjort Frå alt omkring som bind Og lekkjene skal falla Når morgonen set inn Den lagnadsfulle dagen Skal eg ta imot di hand Då er eg mannskap på eit tog Då er eg fiskarmann Med ljos i mitt sinn Med deg i min famn