Tom Roger Aadland - Fall for deg for alvor lyrics

Published

0 105 0

Tom Roger Aadland - Fall for deg for alvor lyrics

Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann Og sola sokk i havet medan håpet sokk i meg Då einkvan nemnde namnet på han som gjaldt for deg Ei form for fred forlét meg medan ferja la til lands Blikket ditt og lengta mi var det einaste som fanst Eg rakar rundt i glørne, eit bilete tek form Du seier noko til meg ifrå auget av ein storm Skulle gjerne hatt ein kjentmann, ein som visste om ei leid Men alt eg har er arret frå eit sår som berre svei Å, katten min har spasmar og hunden min er døv All varme eg har kjent på skal eingong bli til støv Eg ser meg over skuldra, tenkjer, «Det var det eg rakk» Eg har kje høyrt ei plate, ikkje sidan stiften brakk I dagar og i netter såg eg etter deg Eg kjenner kvar ein hårnålssving av det som blei min veg Eg skulle ikkje ha sirkla, eg skulle ha gått beint Eg skulle ha teke det du aldri sa slik det var meint Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann