Tom Roger Aadland - Visjoner av Johanna lyrics

Published

0 190 0

Tom Roger Aadland - Visjoner av Johanna lyrics

Er det ikkje nett likt natta å forføre deg, heilt utan nåde? Me er akterutsegla her, sjølv om me blånektar på det Og Lovise held ei handfull med regn, og skal få deg ifrå det Lys blafrar frå loftsrommet svakt Det surklar i røyr her ein stad Lokalradioen spelar mjukt og vart Men det finst kje noko der ein kan skru av Lovise og typen står saman i smug Og visjonar av Johanna erobrar min hug Nedpå løkka der damene leikar blindebukk med nøkkelsnora Og dei døgnville jentene kviskrar om sidesprang mellom spora Kan me høyre vakta kneppe med lykta Og spørje kven det er som ikkje er heilt jorda Lovise, ho er berre nær Ho kan minne om spegelen der Men ho seier det litt for beintfram slik det er At Johanna er kje her Det elektriske skrømtet brølar mot kraniet krast Der visjonar av Johanna no har teke min pla** Vel, gategut, han tek seg sjølv svært så høgtideleg Han skryt av sitt elende, han trivst best på farefull veg Og så nemner han henne Og eit visst avskjedskyss ho gav meg Han er sanneleg bitter som få, ubrukeleg, det er han òg Han mumlar om at noko kom på mens eg er ute for å sjå Koss kan eg forklare det? Alt går i stå for meg, radt Og visjonar av Johanna, dei heldt meg oppe i natt Inni musea går saka om Alt utan ende Eit ekko av røyster seier dette er frelsa, kan hende Men Mona Lisa må ha vore heimsjuk Du kan sjå det på smilet ho sende Sjå koss veggpryden stivnar og frys Medan dissande kvinnefjes nys Høyr koss ho der med barten seier, "Gys Tok nokon i hys?" Å, juvelar og kikkertar dinglar frå muldyrets rygg Men visjonar av Johanna, dei gjer det heile så stygt Kramkaren seier til grevinna som lèt som ho tek vare på han "Nemn meg ein som ikkje er ein snyltar, så skal eg la all tvil fare for han" Men som Lovise plar seie "Du toler ikkje mykje, mann, gjer du vel?" Mens ho sjølv gjer seg klar for han Og Madonna, ho er ikkje å sjå Me ser eit tomt bur som rustar bort nå Der ho dreiv sitt kostymetablå Spelemannen, han skal til å gå Han skriv alle har fått det dei skulle få Bakpå bilen dei lastar fisken på Mens mitt samvit forgår Munnspela raslar som nøklar i regnet i natt Og visjonar av Johanna er alt som er att