Tom Roger Aadland - Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld lyrics

Published

0 107 0

Tom Roger Aadland - Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld lyrics

Å, fillefrans, han teiknar Sirklar, rett og slett Eg ville spurd han kva som stod på Men eg veit at han held tett Og damene forsyner meg Med teip i lange strekk Men djupt i hjartet veit eg Eg kjem meg ikkje vekk Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Vel, Holberg, han kjem ned gata Med dei nye skorne han har fått Han pratar med ei fransk jente Som seier ho kjenner meg godt Og eg ville sendt ei melding Og funne ut kva ho har sagt Men postkontoret, det er stole Og i ka**en er der ingen på vakt Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Mona, ho fortalde meg At togsporet var kje trygt Ho sa at kvar ein rallarslusk Drikk blod som leskedrykk Og eg sa, "Å, det visste eg ikkje Men så er det berre ein som eg har treft Og han berre røykte mine augnelok Og bad meg halde kjeft" Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Bessen døydde nyleg No ligg han gravlagd på ein gard Men enno pratar alle om For eit sjokk det var Men eg, eg venta berre på det Eg forstod han var blitt litt snål Då han laga bål i gågata Og skaut ho full av hòl Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Vel, stortingsmannen var her Han synte fram pistolen, mest Og delte ut fribillettar Til sonens bryllaupsfest Og eg vart nesten taua Og ville det kje vore nett likt seg Om eg vart teken i billettkontroll Under ein trailer, langs ein veg Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Predikanten, han vart mållaus Då eg spurde han om det var av lyst At han gjekk omkring med overskrifter Stifta til sitt bryst Men han forbanna meg då eg beviste det Så kviskra eg, "Du treng ikkje gå bøygd Du er jo nett lik meg Eg håpar du er nøgd" Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Regnmakaren gav meg to kurar Så sa han, "Kom rett inn hit" Den eine, det var hardingøl Den andre, det var rallarsprit Og dumme stuten eg var Blanda eg dei trygt Og no er folk helst heslege Og tida fuskar stygt Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Og Ruth har invitert meg Til sin barndoms blanke fjord Ho skal danse gratis vals for meg Under ein måne, gul og stor Og eg seier, "Hei, slapp av no Tenk på ho eg fortalde om i stad" Ho seier, "Den dama veit berre kva du treng Men eg veit kva du vil ha" Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld Og brustein ligg på Torget Der dei galne klyv så kjekt Dei fell så fint i saman Det verkar så perfekt Og her sit eg så tolsamt Og undrast om dei gjev rabatt På prisen ein må betale Om ein vil av før allting byrjar att Å, kjærast, er det skuggen min som fell Å sitje fast i Strileland Med sentrumsblues i kveld