Tom Roger Aadland - Mest truleg går du din veg og eg min lyrics

Published

0 112 0

Tom Roger Aadland - Mest truleg går du din veg og eg min lyrics

Du seier, "kjære" Men kan det vere Du ikkje meiner meg? Du seier du sa meg At du ville ha meg Men eg veit kje om det var deg Eg kan kje gjere slik som før Eg kan kje trygle ved di dør Eg tenkjer la deg gli Utav handa mi Kan hende vil det gå seg til Me får nett sjå kva me finn Når du går din veg og eg går min Du seier iherdig Du er meg uverdig Men du veit du lyg iblant Du seier du er skaka Og har blødd for saka Men du veit du går for langt Kvar dag her er ein annan lik Det kan kje berre vere slik Eg tenkjer la deg gli Utav handa mi Kan hende vil det gå seg til Me får nett sjå kva me finn Når du går din veg og eg går min Og domaren ber nag Han kjem til å kontakte deg Han har lækjarskrekk Og når krykkja hans knekk Då bør du akte deg Du seier du er lei deg For at det blei deg Som laug meg huda full Du seier du har no Ein vikar no Og han er god som gull Du seier eg kysser kje like heitt Eg tenkjer me seier det er like greitt Eg tenkjer la deg gli Utav handa mi Kan hende vil det gå seg til Me får nett sjå kva me finn Når du går din veg og eg går min