Tom Roger Aadland - I fjerde omgang lyrics

Published

0 46 0

Tom Roger Aadland - I fjerde omgang lyrics

Då ho sa "Kvart ord er løgn frå din munn" Skreik eg ho var døv Og ho hamra og slo fjeset mitt sundt Og sa, "Kva har du utan støv?" Det var då at eg reiste meg opp Men ho sa, "Før du går Hugs at alle må gje noko att For noko dei får" Eg nynna ein låt Og tromma litt, òg, og spurde koss då Og ho snørte ein sko Og bles bort ei glo Og sa, "Prøv deg kje no" Så eg køyrde ei hand i kvar lomme Mens eg tenkte ut eit svar Og rekte ho min heilt siste tyggis Galant som eg var Ho kasta meg ut Eg stod til knes i skit der alle gjekk Og eg var nøydd til å snu Og gå attende inn dit For skjorta mi var vekk Eg venta i gangen, ho romsterte Og eg prøvde få fot For biletet av deg i ein rullestol Som stod lent opp mot.. Ei flaske med rom Eg kjende meg tom og bad henne om litt Ho sa, "Nei, skatt" Eg sa, "Eg høyrer deg knapt Eg trur tyggisen gjer deg stum" Ho skreik til ho ramla på golvet Med eit andlet så rødt Eg gjekk gjennom skuffene hennar Då ho sov søtt Og då alt var i hamn Med ein sko i min famn Kviskra eg ditt namn Og du, du tok meg inn Du elska meg blindt Du sløste kje med tid Og eg, eg bad kje om mykje Ikkje eingong di krykkje Så be kje om mi