Tom Roger Aadland - Absolutt vene Marie lyrics

Published

0 154 0

Tom Roger Aadland - Absolutt vene Marie lyrics

Vel, eg er stranda her nede på stasjonen Du veit nok korleis det er fatt Eg berre sit her og dengjer laus på trombonen Med alle dine løfte som fall flatt Men Marie, sei, kor er du hen i natt? Vel, eg venta på deg særdeles trufast Ja, eg venta, sjølv om eg var sjuk og matt Vel, eg venta på deg medan trafikken stod fast Når det var ein annan stad eg kunne dratt Så Marie, sei, kor er du hen i natt? Vel, kven som helst kan vere nett som meg, tydelegvis Men berre ytst få kan vere heilt som deg, takk og pris Eit seksspann hestar som du lova særleg Vart omsider levert til soningsanstalten si vakt Når du er lovlaus, må du vere ærleg Eg veit du alltid seier det er så godt sagt Men Marie, sei, kor er du hen i natt? Det er ikkje på det reine Korfor elvebåtkapteinen veit alt så vel Når alle andre må snu, jamvel du Og berre vente eit bel Vel, eg har feber langt inne i skåpet Ein baltisk fyllik, han kjem stadig att Ja, eg kan vise han kor du bur, men eg kan kje opne Du ser, du gløymde gje meg nøkkelknippet, radt Å, Marie, sei, kor er du hen i natt? Eg sat i fengsel i stor trengsel då all posten prova At ein mann må vakte adressa si som ein skatt Og no står eg her og ser på dei gule togspora I ruinane der balkongen din nett datt Og undrast kor du er hen no i natt