Tom Roger Aadland - Vind utan vit lyrics

Published

0 95 0

Tom Roger Aadland - Vind utan vit lyrics

Nokon vil få has på meg, dei plantar løgner i eit blad Eg skulle ønskje at dei heldt opp snart, men eg kan berre gisse når det dabbar av Dei seier eg drog utanlands med kona til ein kar eg skaut ned Ho ervde visst ein million som eg overtok då ho strauk med Så heldig kan ein vere Stadig vekk kjem folk til meg og det er som dei ikkje hugsar koss dei går fram Dei har tankar og idear og fakta som er så vrengde at det er ei skam Jamvel du måtte spørje meg koss det var fatt i går Eg kunne kje tru du ikkje kjende meg betre enn det etter så mange år Mi kjære Vind utan vit, blæs kvar gong du rører munnen din Blæs langs kvar ein bortgøymd veg eg finn Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant Du er heilt utan vit Det er eit under at du framleis andar jamt Eg råka på den klarsynte, som sa ta deg i vare når lynet slær Eg har kje kjent på fred eller ro på så lenge no, eg kan ikkje hugse koss det er Det er ein einsleg krigar på ein kross, ei vogn der røyken strøymer ut Du visste kje, du trudde ikkje det kunne skje, men krigen vann han heilt til s*utt Etter han tapte alle slaga Eg vakna opp i vegkanten med dagdraumar om koss det av og til er fatt Syner utav hoppa di fer gjennom meg så eg ser stjerner, radt Du dekte sanning til med løgn og såra dei eg elska mest Ein dag ligg du i ei grøft medan floger summar kring din hest Dreg du dei siste draga Vind utan vit, blæs igjennom blomane på di grav Blæs igjennom løfta som du gav Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant Du er heilt utan vit Det er eit under at du framleis andar jamt Det var lagnaden som skilde oss og tyngdekrafta som drog oss ned Du tamde løva i mitt bur, men hjartet mitt det rådde du ikkje med No er allting litt opp ned, faktisk stoppa hjula opp Alt godt er dårleg, dårleg godt, du finn ut når du kjem til topps At du er på botnen Eg såg det under høgtida, du er gjort blind av vegen som du gjekk Eg kan kje lenger hugse deg, din munn er annleis, blikket slår du vekk Ein svartkledd prest på sjuande dagen sat urørleg medan bygningen brann Eg venta på deg våren gjennom, ved selja stod eg klar til sprang Til haustlauvet rotna Vind utan vit, blæs i sirklar rundt om skallen min Ifrå Longyearbyen og til Glittertind Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant Du er heilt utan vit Det er eit under at du framleis andar jamt Eg kan kje lenger føle deg, eg kan kje røre bøkene du las Kvar gong eg kryp framom døra di, har eg ønska at eg var ein annan kar Vegen ned og sporet ut, heilt fram dit ekstasen rår Eg følgde deg under stjernene, med minna om deg som opne sår Og som det raste om di ære Eg har vorte narra no for siste gong og eg er fri no, endeleg Eg kyste dyret til farvel på grenselina som skilde deg frå meg Aldri skal du vite alt eg leid medan eg steig mot dag Og aldri skal eg heilt forstå din heilagdom, ditt kjærleiks slag Og den børa må eg bere Vind utan vit, blæs igjennom kleda som me heiv Blæs igjennom breva som me skreiv Vind utan vit, blæs igjennom støvet der me sat Me er heilt utan vit Det er eit under at me kan ta til oss mat