Tom Roger Aadland - Vikla inn i blått lyrics

Published

0 86 0

Tom Roger Aadland - Vikla inn i blått lyrics

Tidlig ein morgon då sola skein Låg eg og undrast på Om håret hennar enno var raudt Om der var endringar å sjå Dei sa me ville angre på Den vegen som me tok Dei likte aldri mor sin kjolesaum Far han hadde ikkje nok på bok Og eg stod der i vegkanten Og såg på at regnet fall Eg hadde tenkt meg austover Eg har betalt for alt som eg har fått Vikla inn i blått Ho var gift då me møttest først Snart skulle ho bli fri Eg hjelpte henne sikkert laus Men eg tok nok litt for hardt i Me køyrde bilen så langt me kom Og sette han att langt vest Skilde lag ein mørk, trist kveld Samde om at det var best Ho snudde seg for å sjå etter meg Medan eg vandra bort Eg høyrde ho sei over skuldra mi "Me møtest att i ein port når ei tid er gått" Vikla inn i blått Eg hadde jobb i skogen nordpå Arbeidde ei tid som kokk Men eg likte det aldri særleg godt Og ein dag hadde eg fått nok Så dreiv eg sakte nedover Til eg kom til ein hamneby Arbeidde ei stund på ein fiskebåt Som drog ut i morgongry Men fortida var hakk i hæl Ho gav meg aldri ro Eg trefte mange kvinner Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått Vikla inn i blått Ho arbeidde på ein topplaus bar Eg kom inn for ein tår Eg blei sitjande og stire på henne Andletet skein så klårt Og seinare då det stilna av Stilna det òg i meg Ho stod der attom stolen min Og sa, "Kjenner eg ikkje deg?" Eg mumla noko ned i jakka mi Ho granska meg og lo Eg skal innrømme eg kjende meg litt utilpa** Då ho bøygde seg og batt skolissa mi godt Vikla inn i blått Ho tende ei pipe i omnen og baud meg på eit drag "Eg trudde kje du sku' sei hei," sa ho "Du er visst av eit fåmælt slag" Så opna ho ei bok med dikt Og la varsamt i mi hand Skriven av ein diktar frå Italia Så trugen og sann Og orda glødde nett som kol Og gjorde meg så vel Det strøymde frå kvar side Som om det var i mi eiga sjel det skulle stått Vikla inn i blått Eg budde hjå dei på Danmarkspla** I ein kjellar ned ei trapp Lufta dirra av revolusjon Og poetane song om kapp Då byrja han med slavehandel Og noko i han fôr vill Ho måtte selje alt ho åtte Og inni fraus ho til Og då botnen fall ut heilt til s*utt Trekte eg meg jamt Det einaste eg visste av Var å halde fram med å halde fram, om det gjekk trått Vikla inn i blått Så no dreg eg attende dit Eg må nå ho på eit vis Alle dei som me kjende før Er borte no, som i ein dis Nokon er professorar Nokon skjer med kniv Veit ikkje koss alt starta Eg veit kje kva dei gjer med sine liv Men eg er enno undervegs Eg veit eg får kje fred Me kjende på det same Men var kje samde om det baud til medynk eller spott Vikla inni blått