Tom Roger Aadland - Stor jente no lyrics

Published

0 95 0

Tom Roger Aadland - Stor jente no lyrics

Vår prat i saman han var søt og snar Han slo beina under meg, best det var Og eg står atter i regn, å, å Og du står på tørt land Du klarte det til sist Stor jente er du visst Fugl i det fjerne mellom stein og lyng For si eiga rekning sit han og syng Og eg er akkurat lik, å, å Eg syng for berre deg Kan du høyra songen min? Eg syng med tårer på mitt kinn Tida er eit jetfly, ho går altfor fort Men å, kor synd viss alt me hadde saman visna bort Eg sver eg kan snu, å, å Sjå kva du får gjort Eg kan få det til Du kan, viss du vil Kjærleiken er enkel, kor det no stod Du har visst det heile tida, eg lærer det no Å, eg veit eg finn deg, å, å På einkvan sitt rom Det er prisen som er sett Du er stor jente, rett og slett Når veret skiftar, er det til gagns Men korfor skifte hestar når det er så langt til lands? Eg går frå vit og forstand, å, å Og smerta får nytt tak For kvart eit hjarteslag Sidan me to skilde lag