Tom Roger Aadland - Om du ser ho, hels frå meg lyrics

Published

0 72 0

Tom Roger Aadland - Om du ser ho, hels frå meg lyrics

Om du ser ho, hels frå meg, ho er visst i Tanger Ho drog herfrå på vårparten, eg har høyrd ho lever der Hels og sei eg klarar meg, om det går litt trått i blant Kan hende trur ho eg har gløymt, ikkje sei det ikkje er sant Det skar seg mellom oss, slik det ofte vil Men enno renn det kaldt i meg når eg tenkjer på koss det gjekk til Og sjølv om brotet skar meg i hjartet kvar ein dag Bur ho enno inni meg, me skilde aldri lag Om du kjem nær ho, kyss ho i frå meg Eg har stor respekt for alt ho gjorde for å frie seg Eg vil kje stå i vegen, kva enn som gjer ho glad Om den bitre smaken sit i frå då eg bad ho om å ikkje dra Eg treff på mang slags folk på rundane eg gjer Og i kvar by eg kjem til høyrer eg namnet hennar her og der Og eg har ikkje blitt van med det, men eg har lært å skru det av Kanskje er eg litt for sart for lærdommen ho gav Eg ser på det som var, den gong ho var mi Eg kan kvar scene utanåt, så fort dei fòr forbi Og om ho kjem forbi her, finn ho enkelt vegen hit Sei at ho må helse på, dersom ho har tid