Endre Kirkesola og Blodsmak - Rosa mi Rosa lyrics

Published

0 91 0

Endre Kirkesola og Blodsmak - Rosa mi Rosa lyrics

[vers 1] Rosa mi Rosa, må du med ham fare? Rosa mi Rosa, vegen han er tung Rosa mi Rosa, du treng ikkje forklare Han har familie og pengar i sin pung [pre-Chorus] Far din har signa dykk, mor di felt ei tåre Tre varme sumardygn til bryllaupet skal stå Rosa mi Rosa, høyr verdas største dåre Ropar i avmakt, ikkje gå ! [Chorus] Eg står einsam med sjela i neven Totalt overgjeven, eit skal av ein mann Sjå meg krype på blodskrapa kne Eg tryglar og ber deg Å Rosa ta meg med [vers 2] Rosa, mi Rosa, du tok mitt sprukne hjarte Bar det som liv under skjøre fugleveng Rosa mi Rosa, du fekk det ingen klarte Mitt liv for ditt kjærteikn, mitt rike for di seng [pre-Chorus 2] Rosa Rosa lat meg sjå deg dansa Her under måneljos syng eg mi song Rosa mi Rosa du spiddar meg med lansar Gje meg av heile deg for siste gong [Chorus] [solo] [Chorus] Eg står einsam med sjela i neven Totalt overgjeven, eit vrak av ein mann Sjå meg trygla på blodskrapa kne Eg nødar og ber deg Å Rosa gje meg fred!