Endre Kirkesola og Blodsmak - Farande Fant lyrics

Published

0 82 0

Endre Kirkesola og Blodsmak - Farande Fant lyrics

[Vers 1] Eg vart fødd med eit grepa tak om nakken Mange år før eg endeleg fann hamn Smila breitt då beina rørde bakken Alt eg har er mi ære og mitt namn [pre-Chorus] Eg har gått vill under stjerneljos Eg har sett månen blø Eg har kjend sol over elveos Eg har latt dagen døy [Chorus] Syng om mi himmel, og dans om mitt hav Eg byr deg eit liv for ein slant Eg er farande fant [vers 2] Eg vil døy med eit grepa tak om nakken Til den dag skal eg leva i det fri Smila breitt når dei senkar meg i bakken Leik og låt skal bli mi elegi [pre-Chorus 2] Eg har møtt gudar og slangemenn Eg har smakt eld og jord Eg har sett englanes vengespenn Latt det gå troll i ord [Chorus] Gråt om mi himmel, og draum om mitt hav Ønsk deg eit liv for ein slant Be inga bøner og still inga krav Alt det eg lyg om er sant Eg er farande fant [Solo] [Chorus] Syng om mi himmel og dans om mitt hav Eg gjev deg eit liv for ein slant Vandra aleine frå krybbe til grav Alt det eg lyg om er sant Eg er ein farande fant