Endre Kirkesola og Blodsmak - Av jord er me komne lyrics

Published

0 130 0

Endre Kirkesola og Blodsmak - Av jord er me komne lyrics

[Vers 1] Eg bryt min rygg kvar dag i regn og rokk Kviler mellom tunge spadetak Jorda svelt, men ho får aldri nok Mettar ho med salte tårers smak [Pre-Chorus] Du ser ingenting du ville misse Eg ser berre nok eit liv i kiste [Chorus] Av jord er me komne, til jord skal me bli Små vakre støvfnugg som dansar forbi Først når me skjønar det, skal me bli fri Av jord er me komne, til jord skal me bli [Vers 2] Eg ser deg stå med nakken lut av sorg Eit hòl i marka gaper kaldt Vår Herre øydela din faste borg Og lukka sine auger då han fall [Pre-Chorus] De var trufast til det siste No ligg han einsam i si kiste [Chorus] [Bridge] Tenn deg eit ljos, og så brenn du det ned Når tussmørket kjem, finn vi endelig fred [solo] [Vers 3] Eg veit min eigen dag skal bli til natt Og eg må må ta dei tunge steg Kven er det då som tek min spade fatt Kven grev et siste hòl for meg? [Pre-Chorus] Eg spenner eit smil imot det triste Snart vert eg sjølv ei bør i kiste [Chorus] Av jord er eg komen, til jord skal eg bli Eit vakkert støvfnugg som dansar forbi Eg har alltid skjøna det, det gjorde meg fri Av jord er eg komen, til jord skal eg bli Til jord skal eg bli Til jord skal eg bli