Ausekarane - Den mjuke handa lyrics

Published

0 117 0

Ausekarane - Den mjuke handa lyrics

Min tanke går til barndomstida Ei lita stund lengtar eg der hen Mor sit på trappa med kopp i handa Og storesyster ler og pyntar seg Og han far han sår som han alltid gjorde Stolt og svett si eiga mark Og om eg kunne vera tilbake Ein liten time i mi barndomstrygge verd Eg hugsar deg leikande i enga Du bytta glans med engleglitter på Ditt ljose smil, stal mitt vesle hjarta Den mjuke handa pa**a heilt i min Men på min veg gjenom mara Når livets larm vert altfor sterk Da går min tanke til barndomstida Ei lita stund i kjærleiksnostalgi I kyrkjeboka over gamle grender Las eg her om dagen om dei som levde før Der såg eg far min og gamle slekta Det er forventa sånn er naturens gang Men så kjende eg eit stikk av sorg i hjarta På siste sida der stod ditt namn Og med eit forstod eg at den mjuke handa Har levd i hugen i all min dag