Arne Garborg - Svarte-Katekisma lyrics

Published

0 110 0

Arne Garborg - Svarte-Katekisma lyrics

«Det fyrste Krav, det er?» — Sjaa ut som dei andre i all di Ferd. «Det andre au du kann?» — Banna i Hjarta Gud og Mann. «Veit du mitt tridje Yrkje?» — Gakk kvar den Sundag til Kyrkje. «So nemne du meg det fjorde?» — Haldt alltid med dei Store. «Det femte?» — Spar ikkje den, som i Vegen for deg stend! «Det sette?» — Ver eit Svin, men utantil blank og fin. «Det sjuande?» — Det er Trollmanns-Sæla: lìva stort av i Løynd aa stela. «Det ottande?» Beste Verja, det er aa ljuge og sverja. «Det niande?» — Sløg du vere og snar, naar Teften du fær av Annanmanns Gard. «Det tiande Krav?» — Din Granne svike, i stort og i smaatt, du alltid maa like. «Visdomens Grunn, fekk den du fat?» — Aldri du gløyme det store Hât! «Kva trur du?» — Eg trur og i Sanning finn, at alltid til s*utten det vonde vinn. «Kvad bed du?» — At aldri i all si Tid denne vonde Verdi maa betre bli. «Nemn meg so det du høgast vil?» — Eige Verdi og høyre ho til. [ 151 ] «Er denne Viljen din heil og all?» — Med Blod vil eg skrive meg deg i Vald. «Og sidan?» — At denne Pakti kann staa, vil kvart Aar eg til Alters gaa. Trollmanns-Emne legg seg paa Kne; daa stig eit Glede-Rop sterkt som Stormsus i gamle Tre upp fraa den heile Hop. «Han hev Trui! Han er som me! Inn i Flokken!» Fanden Firkloi lyfter, sver ved den namnlause Store: «Fraa i Natt hev du Magti mi; det vere her deg svori! No eg tek deg for all di Tid inn i Flokken!»