Arne Garborg - Gnavlehòl lyrics

Published

0 95 0

Arne Garborg - Gnavlehòl lyrics

Langt inne, djupt i Skarefjell-Grunn seg holar ein Hall av Kopar; han kvelver irgrøn sin høge Rund med Glim av glidande Dropar. Eit Blaa-Skimmer gløser som halvt i Blund. Det tiklar og siklar og renn og dryp der rundt i Kræane skùme; det kvislar kvævt av Firfisle-Kryp; det gjeng som Geisping i Rome. Der lyngormen søv med sin Spord i Glyp. Her inne i løyndaste Myrke-Kraa sìt Gumle i Tidine lange. Som turre Tre-Rot han er aa sjaa med Lemine vridne og vrange. Um Hausen gror Steinrot og Mose graa. «Du Gumle gamle i Gnavlehòl!» kved Haugkall med Mæle skrinne, «du vakne og mumle ditt Gumle-Maal, det maa ikkje gaa av Minne. No Ungdomen kved berre Rask og Raal.» Da dreg det upp som Klokke til Slag i Halsen skrukne og turre; det gnidkar og gneg som Bor og Sag og mèl som i Katt og Knurre. Og Gumle-Maal losnar i lange Drag.