Arne Garborg - Heilagbròt lyrics

Published

0 146 0

Arne Garborg - Heilagbròt lyrics

Ho tuslar stur i Kring og lite mæler og frys um tronge Bring og ymist fæler. Skal snart ho av og bu paa Drauge-Øyar? Kva vil dei henne, tru, dei bleike Møyar? Ho gjeng i kalde Vind, men heit maa brenne. Den vonde Styngen sin ho att fær kjenne. Imillom Ku og Lamb ho gjeng og drøymer, og vimar att og fram og all Ting gløymer. Ein Sundag med si Mor ho gjeng til Kyrkje; ho vil med heilagt Ord sin Vanhug styrkje. Det heng fraa Have inn med Musk og Væte. Døyvt syng i Skodda stinn det Klokke-Læte. Der millom Greftir sein og hugtung rek ho. Der ligg eit morki Bein; det til seg tek ho. Ved Barm med vyrdsam Agt ho vil det live; det skal den vonde Magt fraa henne drive.