Arne Garborg - Gamlemor ventar lyrics

Published

0 157 0

Arne Garborg - Gamlemor ventar lyrics

I mjuke Kòle-Ljose ved Omnen glødd og varm ho Gamlemor snur paa Rokken sin og tøygjer den magre Arm. Um skrinne skrale Lìkam ligg Kjolen grov av Ull. Hovude bøygjer seg sveipt i svart, — ein nikkande Klædetull. Med skrukne Knokehandi ho dreg den lange Traad. Rokken knurrar sin gamle Song, som lite ho høyrer paa. Rundt Golv um gamle Veggir som Bøyg i krulla Ring gaper den skùme Skugge-Natt og gløyper alle Ting. Viker og fram-att dreg seg or Myrkeheimen stor og blundar stilt og geispar tomt og drøymer rædd og glor. Upp av den graae Skùming stig som ei Aand or Grav Gamlemor sin Skugge vittande att og av. Og Rokkeskuggen sviver paa Veggen skakk og graa, og Hovud-Tullen nikkar smaatt mot Rokken til og fraa. Og Kòla brenn so dauvleg, og Kòla brenn so blaatt; Mor tekst med tunge Tankar: er noko tids i Nott? Det græt um Nòvine ute, det dunkar i Vegg og smell; ei Uro prikkar i Barmen: er noko tids i Kveld? Daa stansar Rokken braadt, og Kroppen lyer stiv; ho høyrer Stìg; det spring som galdt det Sjæl og Liv. Ho høyrer Stỳn og Sukk og strøypte Andedrag; ho høyrer Bøn til Gud og liksom Hjarteslag. Ho reiser seg og gjeng uroleg att og fram og krossar seg og bed: «aa Jesus, du Guds Lam» . . . Og Klokka gjeng so seint, og Klokka gjeng so smaatt, og Klokka døyr og stansar . . . — «Aa gjer det fredt i Nott!» Og ute er det svart, og ute er det stygt, og ute uler Vinden; — «aa gjer det fredt og trygt! Og midt paa svarte Heid, der flyg den Arming no med Ryggen kald av Rædsle; aa send ho heim i Ro! Eg høyrer inkje meir . . . Aa, hjarteleg eg bed, aa send mi Veslemøy til Mor si heim med Fred!» — Daa høyrer ho paa nytt den same skræmde Gang, det same Andetak, det same Livsens Sprang. Upp Døri flyg med Brak; inn stuper Gjenta kvit med Munnen turr og opin, med Augo utan Vit . . . «Mor — Mor, eg er so rædd. Her er so stygt og svart. Og, du, — i Grave-Heid, der saag eg noko rart» . . . «So, Barn; her er du trygg. Her naar deg ingin Draug. Kom, set deg. Vart du skræmd? Eg høyrde kor du flaug. Her; drikk ein Drope Mjølk. Og roa deg ei Rid. — Eg kvakk! So vel eg aldri visst høyrde Fylgja di.»