Arne Garborg - Dømd lyrics

Published

0 87 0

Arne Garborg - Dømd lyrics

Det kveldar um Haust yvi laage Land. Eit Havbrak vaknar ved Nordan-Strand. Blaakalde Skyir kviler i Vest. Dagsens Auga sloknar og brest. Myrane søv under Taake-Feld. Aa-sus varslar i stille Kveld. Trolldom lurer i Jordslags Eim; — Veslemøy hastar med Smalen heim. Men nede paa Bøen, ved Elvestrand, saag ho ein underleg gamall Mann. Knebrok hadd' han og Kufte sid; høyrde kje heime i denne Tid. Daa fekk ho so hjarteleg vond ein Kvekk; kunde kje koma av tverran Flekk. Men Mannen tusla paa Elvebard der attum den eldgamle Skiftesgard. Tusla og stræva forutan Ro; sleit og lyfte, men Garden stod. Lyfte og sleit utan Ro og Rast; men Steinane laag som i Muren fast. Daa skreik han og grét av Barmen trong, skreik og grét til det vart som Song. Eg hev som vigde Mammons Træl for vesal Vinning selt mi Sjæl; for dette arme Stykke Jord eg fraa meg Fred og Frelse svor. No finn eg aldri Heim og Hamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Den ut er dømd or Himmerik', som her i Verdi gjorde Svik; han miste Ord, han miste Tru og kann kje millom Venir bu. No veglaus driv min brotne Stamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Eg gjekk som ærelause Svein og flutte denne Deildestein; eg braut mitt Ord, eg brant mi Tru og kann kje millom Venir bu. Eg finn kje Fred og Faderfamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn!